Sergel we care
Credit News
Nyheter og faginformasjon om praktisk økonomi og pengestrøm
Dato: 20.04.2024

Statsbudsjettet 2020: Foreslår sal av GIEK Kredittforsikring

Regjeringa ber Stortinget om fullmakt til heilt eller delvis sal, eventuelt avvikling, av GIEK Kredittforsikring AS.

Til erstatning foreslår regjeringa å opprette eit statleg tilbod av kortsiktig kredittforsikring for eksport til såkalla "non-marketable" land, det vil seie alle andre land enn EU-landa, EFTA-landa, Australia, Canada, Japan, New Zealand og USA.

GIEK Kredittforsikring AS er eit statleg eia selskap som tilbyr kortsiktig kredittforsikring på kommersielle vilkår. Dei siste åra har selskapet gått med underskot. Manglande utsikter til lønnsemd og potensiell statsstønadproblematikk for brorparten av GIEK Kredittforsikrings verksemd gjer at regjeringa ikkje vil oppretthalde selskapet slik det er i dag. Kilde: regjeringen.no

Les mer

04.11.19
Personvernerklæring for Credit News NUF
Redaktør Owe Rud - www.creditnews.no - Copyright © 2024 Credit News
Org.nr.: 988 295 515 MVA